logo_justert.jpg
Kva skjer?

Tors 18.01. kl 18: Foredrag ved Helsesista: Ungdom og psykisk helse

Mån 22.01. kl 19: Foredrag ved Edvard Hoem

Tys 23.01. kl 18: Folkemøte om Møreaksen

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Folkemøte om Møreaksen 23.01.18 kl 18, kultursalen på Gomerhuset

Statens Vegvesen har no kome med si utgreiing om trasèval for Møreaksen.
Skodje Kommune og Ørskog Kommune ønsker difor velkommen til eit ope møte der alle interesserte kan få informasjon direkte og høve til å stille spørsmål.

Trasévalet er frå Vik i Vestnes kommune til Digerneset i Skodje kommune.
Høyringsfrist for kommunane er 28.02.2018.

UKM (Ung Kultur Møtest) på Skodje søn 28. jan kl 17

ukm_bilde.jpg

Likar du å synge, danse, spele piano, gitar eller fiolin?  

Eller fortelje vitsar, sjonglere med ballar, trylle eller turne?

Eller kanskje er du av dei som likar å lage ting – teikne, ta bilde, lage film, sy, male eller snekre?

Tenker du av og til på at det kunne vere kjekt å la andre få sjå kva du likar å halde på med?

Då er UKM akkurat noko for DEG!

Foredrag ved Helsesista - Ungdom og psykisk helse

tale.jpg

Helsesista Tale Krohn Engvik kjem til Skodje for å snakke om utfordringar unge har med forventningar og press i kvardagen. Foredraget er eit tiltak for å setje ungdom og psykisk helse på dagsorden.

Billettar kr 100,- på ebillett eller i døra 1/2 time før.

Ungdom under 20 år går gratis (Førehandsbestilling av gratisbillettar: aase.rorhuus@skodje.kommune.no eller til 922 50 649).

 
Helsesista vil halde foredrag om temaet for ungdomsskuleelevane fredag 19.01. i skuletida.

edvard_hoem_kjem_til_gomerhuset.jpg

Opningstider på biblioteket

Skodje bibliotek har ope 5 dagar i veka.

Opningstidene er:

Måndag: 12.00 - 16.00

Tysdag: 12.00 - 19.00

Onsdag: 12.00 - 16.00

Torsdag:12.00 - 19.00

Fredag: 12.00 - 16.00

Gomerhuset for alle – med rammer og reglar

Vi ser at Gomerhuset verkeleg er blitt det vi hadde ein visjon om: ein stad for øving, trening og gode opplevingar.

Velkomen til Gomerhuset

fra_nordvest896.jpg

 

Gomerhuset på Skodje representerer ei målretta kommunal satsing på trivsel, identitet og eit godt liv. Det blir ein arena for aktivitet, opplevingar og sosialt samvær vi knapt ser makan til nokon stad.

Den offisielle opninga skjedde laurdag 23. oktober 2010. Då hadde vi flott konsert med m.a. bygdas store son, Magne Fremmerlid, på scena.

Den same Magne Fremmerlid blei tildelt Skodje kommune sin kulturpris under konserten med Ålesund kammerkor søndag 24. oktober. 

|

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:
4212 23 24936

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
optimarstettemedtekst.png
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset