logo_justert.jpg
Kva skjer?

Fre 17.11: Ungdomskveld

Ons 28.11: Kulturskulekonsert, songelevar

Tors 29.11. kl 18: Kulturskulekonsert, pianoelevar

Laur 02.12: Julemarknad med julegrantenning mm.

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Gomerhuset må ha inventar og utstyr

Gomerhuset blir strålande både ute og inne. Flott om vi kan få på plass også det vi treng av inventar og utstyr.

Gomerhuset blir strålande både ute og inne. Flott om vi kan få på plass også det vi treng av inventar og utstyr.

Vi vender oss til næringsliv og privatpersonar og spør om støtte til dette.

Private bedrifter vil få høve til å kjøpe reklameplass. Gomerhuset vil bli mykje besøkt, og vi trur reklame her vil gje god profileringsgevinst.

Alle bidrag, små og store, blir mottatt med takk!

Pengegåver til kulturhuset kan førast på konto 3910.23.89682:
Spørsmål om kulturhuset kan rettast til
Magne P. Fylling, kultursjef, tlf 483 00 559

Politikarane i Skodje fortener ros for å satse på kultur. Det er eit stort løft i ein stram kommuneøkonomi å investere i dette kulturhuset.
Kommunen har teke alle kostnader ved bygginga av kulturhuset.
MEN – Det er ikkje avsett pengar til inventar og utstyr. Det vil for eksempel seie fellesutstyr i idrettshall som matter, benkar og ulike stativ. Vidare gjeld det apparat til styrketreningsrom. Det gjeld også bord, stolar og anna møblement i kantine, bibliotek og andre rom. Det er i prosjektkostnadene ikkje avsett pengar til utsmykning og lite til uteområdet.

Forslag til støtte frå private:

Kjøp av stol i konsertsalen: Sum kr 2.000 pr stol

Kronerulling for styrketreningsapparat: Anbefalt sum: kr 500

Kronerulling for utsmykking: Anbefalt sum: kr 500

Profileringsområde for bedrifter:

Reklameskilt i idrettshall: kr 10.000 pr. modul 1 x 3 m for 2 år

Monitorar med fortløpande reklame: kr 8.000 pr år

Reklame på denne heimesida: kr 5.000 pr år

Kjøp av stol i konsertsalen: Sum kr 2.000 pr stol

Alle prisar på reklame er eks. mva.

Det vil også vere råd å støtte Gomerhuset og bli profilert gjennom støtte til eitt eller fleire konkrete produkt.

prospekt_gomerhuset.pdf
prospekt_gomerhuset_2_sider.pdf

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:
4212 23 24936

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
optimarstettemedtekst.png
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset