logo_justert.jpg
Kva skjer?

Fr 08.09: Konsert med Maria Arredondo og Skodje blandakor

16. og 17.09: SkodjeDagane

Fr 22.09. kl 20: Stand-up med Odd Sørås

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Gomerhuset for alle – med rammer og reglar

Vi ser at Gomerhuset verkeleg er blitt det vi hadde ein visjon om: ein stad for øving, trening og gode opplevingar.


Med bibliotek, open kafe, kulturskule og trafikk til og frå aktivitetar er Gomerhuset også blitt ein sosial møtestad. Folk i alle aldrar kan slå seg ned og nyte eit måltid, gjere lekser eller slå av ein prat.

Stort sett er det roleg og fin bruk av Gomerhuset.
Men vi har også sett nokre utslag som vi må korrigere inn. Truleg er det utslag av at rammer og reglar ikkje er formidla tydeleg nok.

Vi vil derfor presisere følgjande:
- Gangar og trapper skal brukast til å kome til og frå ulike rom, ikkje til springing og gøyme/leite.
- Personar under 18 år kan berre bruke garderobar, trimrom og idrettshall dersom dei er med på ein aktivitet saman med personar over 18 år. 
- Det er muleg å sitje på tribuna og følgje aktivitet i hallen.
- Vi oppmodar alle vaksne om å vere tydelege i handhevinga av desse reglane.

Grunnen til at vi ser behov for denne informasjonen har først og fremst med sikkerheit å gjere.
Og springing, leik og støy på ”feil” plass tek også bort trivsel for andre.

Men ingen i Skodje kommune må vere i tvil: Velkommen til å bruke Gomerhuset!

17.02.11   Magne P. Fylling, kultursjef

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:
4212 23 24936

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
optimarstettemedtekst.png
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset