logo_justert.jpg
Kva skjer?

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Gomerkål

GOMERK_L.JPG

Reiskapane i monteren på bildet blei brukt til dyrking og hausting av Gomerkål ved Skodje hagebruksskule.

Leiar ved Prestemarka tilbaud monteren til Gomerhuset. Det takka vi sjølvsagt ja til, og han kan no takast i augesyn i hovudinngangen.

Skodje hagebruksskule heldt skuleundervisning frå 1960 til årsskiftet 1966/67.

Skulen arbeidde m.a. med foredlingsarbeid innan grønsaker, og fekk fram ein god vinterkålsort ”Gomer” som blei godkjent til bruk.

Kristin Vågene var elev ved skulen i 1966.
Ho kan fortelje at Gomerkålen vart mykje dyrka den tida det var hagebruksskule.
Grunnen til at den ikkje vart så populær på landsbasis, var at den ikkje hadde så fin form som ein vil at kål skal ha. Fin form er runde, litt flatklemde kål. Blada skal ha god overlapping og stammen inne i kålen skal vere kort.
Denne kålen var rund, med ein tendens til å vere meir spiss.

Men Gomerkålen var ein vinterkål som hadde god lagringsevne.

Det blei lagra mykje kål i kjølelageret på hagebruksskulen.

Det var fast leveranse heile vinteren til Gartnerhallen som kom og henta kål og (tomat og agurk så snart den var klar ca mai).

Kvifor namnet Gomerhuset?

fra_s_r_st.jpg

Skodjesongen, skriven av Knud Ytreberg for over 100 år sidan, startar slik: "Skodje - Gomers kongesæte, med hans trauste kvilestad".

Gomer var truleg den første som busette seg på Skodje, mange hundreår før Kristus. Han kom etter sagnet langt borte frå og slo seg ned på denne vakre staden. Han hadde nok med seg fleire, og sagnet antyder at Gomer fungerte som ein bygdehøvding.

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:
4212 23 24936

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
optimarstettemedtekst.png
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset