logo_justert.jpg
Kva skjer?

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Skodje Frilynde ungdomslag

Skipa  26.11. 1899

Ungdomen kom saman og skipa Skodje ungdomsforening i 1899.

Formål: at værne den oppvoksende slegt mod alt som kan virke moralisk skadelig og at hjælpe den frem til et sundt livssyn og en hæderlig vandel.

Medlemar var enhver konfirmeret ungdom som ville gå med på foreningens formål. medlemsskapet kosta 35 øre for gutar og 20 øre for jenter

Lagsmøta var på skulehuset annakvar søndag og medlemane var samla til kameratsleg hygge og belærelse.
Høgtlesing, song, diskusjonar, filmframvising, foredrag. Det kunne gjerne vere tilreisande som deltok på møta med foredrag eller andre innslag.

Skodje frilynde ungdosmlag vart laget heitande frå 1923. I § 1 i lovene til laget stod at formålet var norskdom, fridom og folkeleg opplysning, og å hjelpe ungdomen fram til eit sunt livssyn og til sanning i all si ferd.

Laget vart etter vedtak 11/3 1928 innmeld i  Nasjonalforeninga for folkehelsa. Bakgrunnen for dette var tuberkulosen som hadde herja og ønskje om å opplyse ungdomen i helsespørsmål.

Skogplanting var også ei oppgåve for ungdomslaget. Kvart år vart det kjøpt inn gran- og furuplantar som vart planta ut.

Arbeidet for å få eige hus:
Tomta vart gitt i gåve frå Ole K. Skodje og som vederlag for tomta, braut medlemmane eit  jordstykke tilhøyrande Korsveg-garden (sør for Fagerheim og hovudvegen).

Fagerheim vart innvigd 20.11.1927  -  ein merkedag for Skodjebygda. Fagerheim vart arena for konsertar og basar,  julefestar og andre samlingar for bygda.

På Fagerheim fekk Skodje sitt første offentlege bad vinteren 1928/1929: pris: 25 øre, ville ein ha badet åleine var prisen 40 øre.
Laget fekk kr. 500,- frå ”Distriktslege Rømches legat til opprettelse m.v. av folkebad på landsbygden”.

Frå 1929 hadde ungdomslaget eiga boksamling- det starta med 22 bøker, men vaks til 191 dei næraste åra. Utlånet låg på 350 -400 pr. år.

Turn- og gymnastikkøvingar var det på Fagerheim og i 1929 vart Skodje idrettslag skipa. Skodje hadde både mannskor og blandakor, desse hadde sine øvingar på Fagerheim i mange år. Elles var det utleige til store og små hendinga og til andre lag når dei skipa til stemne og samlingar.

Ungdomslaget vedtok å oppretta eige lagsblad på lagsmøtet 20.januar 1901. Og namnet vart frå starten av Haugebonden.
Lagsbladet var handskrive og i varierande antall utgjevingar i året (i starten opplese på kvart lagsmøte, dei siste åra på julefest og 17.mai-fest). Innhaldet var nyhende i bygda, nedskrive i venlege humoristiske vendingar.

Teatergruppe – mest bondekomedie, men også etter kvart revyar

Ungdomslaget starta eigen kino: Skodje kino – med eigne maskiner  –
Dei eldste maskinene innebar nok høg brannfare med sine kolstiftar, men heldigvis gjekk det bra. Kven hugsar ikkje lyden av spolemaskina og gledde seg til pausen i filmen – medan maskinisten skifta spole: har var det berre å vone at maskinisten heldt kontroll på rekkjefølgja på rullane….
Storfilmar som vi hugsar: Nilens juvel , Flåklypa Grand Prix

Basaren på ungdomshuset er det vel mange som hugsar frå 60 og 70-talet. Med underhaldning og åresal oppe, luftgevær og ballkast i matsalen og sjølvsagt høyrde kaffi og formkake også med.

Trial – på 1980-talet : Karl Helgesen var interessert i å få starta ei trailgruppe på Skodje og styret i ungdosmlaget kjøpte inn 4 syklar. Interessa var stor og etter kvart var ungdomane modne for å delta i konkurransar. Det viste seg at dei måtte vere medlemar i motorsykkelforbundet for å konkurrere og Skodje Trial vart difor skipa som eige lag etter nokre år.

(Kjellar)band har gjennom tidene hatt sine faste øvingar på Fagerheim- både seint og tidleg. Ryktet vil ha det til at enkelte band delte ut pakkar med Ali-kaffi til naboane før øvinga starta på søndag føremiddag.

Folkedans – både for vaksne og born. Det vart arrangert både kurs og halde faste øvingar. Og trufast med på trekkspel var Konrad Fremmerlid.

På åtti-talet hadde vi også ei drivande god Swing-gruppe. Dei hadde danseoppvisningar og nokre av dei var også brukt som instruktørar undt om.

Nedgongstider var det i perioden 1995 – 2003, då laget ikkje var i drift. Fagerheim vart då tømd for inventar og ubedne gjestar tok huset i bruk på sin måte.

Laget vart vekt opp av dvalen med ny oppstart 15.09.2003. Edsjelene som var med på skipingsmøtet denne dagen var : Edit Stein, Otto Berg, Karsten Grindvik, Kari Grindvik, Bodil Grindvik Uri, Stella Engebretsen, Arnstein Sæthre

Berging av Fagerheim var målet for møtet og førde til oppstarten i 2003.
Huset er gjeldfritt og vert drive på dugnad. Inntektene frå utleige og eigne arrangement skaffar driftsmidlar til huset.

Etter at huset stod ferdig restaurert i 2005 har laget prøvd å fylle det med aktivitetar:

Juletrefest for heile familien

Julefest og After-ski for dei vaksne

Ungdomsklubb / ungdomskveldar – med ymse spel og varierande tema.

Tilskiping av Barnestemne: Løye på Skøye 2010

Markering av kulturminnedagen

HIP HOP og moderne dans

Utleige til ulike arrangement, både organisasjonar og private.

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:
4212 23 24936

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
optimarstettemedtekst.png
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset