
Jubalo
Barnekoret Jubalo starta opp hausten 1998 - og det var Asbjørg Oksvik Sve som tok det første initiativet, Det viste seg snart at fleire mødre lenge hadde tenkt same tanken; at det var på tide å få eit barnekor opp å gå igjen i bygda vår! Dermed sette mødrene
i gong, dei, og kor vart det. Koret har sidan starten vore tilknytta KFUK-KFUM.
Anne Lovise Løvås har vore med heilt sidan Jubalo starta, og tok over dirigentrolla, etter Asbjørg, i 1999. Irene Dyb Utvik, Solveig Mestad og Gerd Ulstein var dei andre mødrene som var med frå starten av, og heldt ut i veldig mange år, Solveig var koret sin trufaste pianist alle dei åra ho var med, fram til våren 2006. Solide medleiarar siste åra har vore Jorid Valde, Kjellaug Myklebust og Iris Skotte. Ny medhjelpar i år er Kristin Nyhaug.
Vi ser på oss sjølve som ein viktig del av kyrkjelyden sitt arbeid for barn, der vi gjennom sang og ord kan formilde kristen tru og inspirere til sang-glede og fellesskap gjennom sang og dans. På desse tolv åra har veldig mange barn vore innom Jubalo.Vi har på det meste vore opp i 40 medlemar, men jamt over har talet på songarar vore rundt 30. Aldersgruppa er frå 2 - klasse ut barneskulen - eller så lenge dei har lyst til å vere med.