logo_justert.jpg
Kva skjer?

Laur 21.10. - søn 29.10.: Kulturveka 2017

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Skodje skulekorps

Skodje har rike tradisjonar innan kor og korps, men i åra rett etter andre verdskrig hadde mykje gått i stå. Nokre ivrige gutar i 10-12-årsalderen såg i avisa at det rundt om vart skipa korps og det syntest dei også at Skodjebygda burde få. Det var ikkje godt å vite kvar ein skulle byrja, men vegen var kort til ned til prestegarden og sokneprest Karl Johan Buhaug.
Resultatet av dette møtet vart skipinga av Skodje Guttemusikk

§ 1   Alle som skal vera med i orkesteret lyt lova å føre seg vel både
         heime og ute og syne god og høvisk framferd på alle vis.

§ 2   Alle lyt gjera det dei kan til å få eit godt orkester. Dei må møte
         presis fram til øvingane og elles kvar gong orkesteret skal
         spela. Er ein borte frå øvingane meir enn tri gonger i rad, vert
         ein stroken som medlem.

§ 3    Ingen som er med i orkesteret har lov til å nyta rusdrykk i
          nokon form.

Alle vi som skriv under desse reglane, er enige om at dette er det
 minste vi kan stille som krav til medlemmane i guttemusikken.

Den 5. februar 1954 vart desse reglane underskrivne av sokneprest
Buhaug og følgjande gutar :

Kåre Vaksvik  
Hans Birger Fylling  
Olav Tronstad
Gunnar-Arne Valde 
Magnulf Vadset  
Einar Valde
Sigmund Sorte 
Magnar Berg   
Sverre Vadset
Ola Midtlid  
Ivar Skodjevåg  
Sigurd Ekrol
Einar Fylling  
Svein Fylling

skodje_skulekorps_presentasjon_kulturveka_2010.pdf
skodje_skulekorps_redigert201020101.doc

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:
4212 23 24936

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
optimarstettemedtekst.png
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset