logo_justert.jpg
Kva skjer?

Tors 18.01. kl 18: Foredrag ved Helsesista: Ungdom og psykisk helse

Mån 22.01. kl 19: Foredrag ved Edvard Hoem

Tys 23.01. kl 18: Folkemøte om Møreaksen

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

UKM (Ung Kultur Møtest) på Skodje søn 28. jan kl 17

ukm_bilde.jpg

Likar du å synge, danse, spele piano, gitar eller fiolin?  

Eller fortelje vitsar, sjonglere med ballar, trylle eller turne?

Eller kanskje er du av dei som likar å lage ting – teikne, ta bilde, lage film, sy, male eller snekre?

Tenker du av og til på at det kunne vere kjekt å la andre få sjå kva du likar å halde på med?

Då er UKM akkurat noko for DEG!

Kven kan vere med på UKM?

Alle ungdommar mellom 10 og 20 år.

Det er råd å melde seg på med eit innslag åleine, eller saman med andre.

UKM er ikkje ein konkurranse!

Men…………likevel har vi ein jury med to oppgåver:

- Gi alle deltakarar konstruktive tilbakemeldingar

- Anbefale kven som skal få sjansen til å gå vidare til fylkesmønstringa.

Fylkesmønstringa er i år i Stordalen 27.-29. april.

Ca 10-20 deltakar frå kvar av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal deltek, altså rundt 500.

Korleis kan du melde deg på og få vere med på UKM? www.ukm.no.

I år er fristen søn 21. januar.

 

Magne Fylling, UKM-kontakt

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:
4212 23 24936

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
optimarstettemedtekst.png
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset