logo_justert.jpg
Kva skjer?

Laur 21.10. - søn 29.10.: Kulturveka 2017

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett
Vedtekter for Gomerhuset

REGLEMENT FOR UTLEIGE/UTLÅN AV GOMERHUSET I SKODJE KOMMUNE

 

(Vedteke første gong i Skodje kommunestyre 11.05.2010, sak 18/10. Endra 13.12.11 i kommunestyresak 78/11).

 

I samsvar med og tilpassing til bestemmelsar i vedteke reglement for utleige/utlån av skulebygg/-anlegg i Skodje kommune, skal desse reglane gjelde for utleige/utlån av Gomerhuset.

 

  1. Lag og organisasjonar i Skodje kommune får vederlagsfritt nytte Gomerhuset til kultur-, idrett- og fritidsaktivitetar. Dette gjeld også ved inntektsgivande arrangement. Det skal likevel krevjast betaling når det er behov for ekstra reinhald i samband med aktivitetane. Betaling skal skje etter rekning frå kultursjefen på faktisk medgått tid til reinhald. Lag og organisasjonar frå andre kommunar, og private og kommersielle aktørar må betale for bruk etter reglane i punkt 10.
  2. Det skal vere eit brukarlag ved Gomerhuset. Brukarlaget skal vere sett saman av ein representant frå kvar av dei faste brukarane frå frivillege lag/organisasjonar og skal i samarbeid med kultursjefen aktivt bidra til drift og tilsyn med bygget..
  3. Kultursjefen avgjer søknader om faste leigetilhøve utanom skuletid gjennom året. Kortare leigetilhøve vert avgjorde av kultursjefen. Bruk av Gomerhuset i skuletida blir avgjort av kultursjefen i samråd med dei aktuelle kommunale brukarane.
  4. Lag og organisasjonar frå andre kommunar kan få leige Gomerhuset til idrett- og kulturaktivitetar. Kultursjefen avgjer søknader frå slike lag/organisasjonar. Slike leigetilhøve må tilpassast aktivitetar drivne av lag/organisasjonar frå Skodje kommune.
  5. Innhaldet i dei ymse kulturaktivitetane som vert drivne på Gomerhuset, skal ikkje bryte med intensjonane i lov og føresegner.
  6. Nyting av alkohol på Gomerhuset er i utgangspunktet forbode. Kultursjefen avgjer etter søknad om det skal opnast for nyting av alkohol i samband med arrangement. Det må i tillegg søkjast Skodje kommune om skjenkeløyve.
  7. Kultursjefen er ansvarleg for at leigetakarar vert gjort kjend med gjeldande utleigereglar.
  8. Reglar for leigetakarar:
  1. Leigetakarar pliktar til ei kvar tid å rette seg etter dei reglane som gjeld for Gomerhuset.
  2. Leigetakarar skal alltid stille ein namngjeven personar over 18 år som ansvarleg for aktivitetane.
  3. Laget/organisasjonen eller den private/kommersielle leigetakaren er ansvarleg for skader som blir påført bygning, innbu og utstyr i samband med leigetilhøvet. Ansvarleg skal straks melde frå til kultursjefen om eventuelle skadar som er påførte anlegget i leigeperioden.
  4. Ansvarleg har plikt til å vise bort personar som ikkje rettar seg etter reglar og/eller påbod.
  5. Ansvarleg sørger for at aktivitetane er tilpassa rom, inventar og utstyr. Romma skal vere i god orden etter kvar brukar. Lys skal slåast av. Dører skal vere låste, og vindauge forsvarleg attlatne. Avvik skal meldast skriftleg til kultursjefen.
  6. Ansvarleg som etter påtale ikkje rettar seg etter utleigereglane, kan fråtakast retten til å vere ansvarshavande. Både den ansvarlege og den gruppa han/ho er leiar for, kan bli utestengde frå bygget. Melding om brot på utleigereglane skal sendast via kultursjefen til brukarlaget, som etter vedtak eventuelt stansar uteleigetilhøvet. Leigetakar skal straks rette seg etter vedtak i brukarlaget. Vedtak om utestenging kan påklagast til rådmannen. Utleigetilhøvet er i alle tilfelle stansa til rådmannen har fatta endeleg avgjerd i saka.
  1. Gomerhuset skal til vanleg ikkje nyttast til utleige etter klokka 23.00. Etter avtale med kultursjefen kan det dispenserast frå denne regelen.
  2. Lag og organisasjonar frå andre kommunar, og private og kommersielle aktørar kan etter avtale med kultursjefen leige Gomerhuset etter følgjande utleigesatsar:

Rom

Pris

Idrettshall, heil sal m/garderobar

400 kr/t

Idrettshall, 1/4 sal m/garderobar

100 kr/t

Idrettshall, inntektsbringande arrangement over ein dag/kveld

10000 kr

Kultursal, ikkje kommersielle arrangement over ein dag eller ein kveld med enkelt lydutstyr

4000 kr/arr

Kultursal, kommersielle arrangement over ein dag/kveld med avansert lyd-/lysutstyr (personar til å styre lyd/lys kjem i tillegg).

8000 kr/arr

Bildefagsrom (plass til 15 personar), lerret/prosjektør

200 kr/t

Musikkrom (plass til ca 35 personar), lerret/prosjektør

200 kr/t

Andre rom for møte og ulike samlingar

100 kr/t

Kantine, arrangement dag (konfirmasjon, barnedåp, åremålslag)

1500 kr

Kantine, arrangement kveld (åremålslag, bryllaup)

3000 kr

Kjøkken

Etter avtale

 

 

  1. Leigetakarar må vere førebudde på å vike plassen ved spesielle hendingar. Det kan vere kommunale arrangement, men også arrangement som SkodjeDagane og større turneringar der det er behov for større delar av Gomerhuset over ein eller fleire dagar.
  2. Tilsyn utanom skuletida skal organiserast av Brukarlaget.

 

 

Nye mulegheiter med Gomerhuset

fra_nord_st.jpg

Gomerhuset opnar nye mulegheiter for øving, trening og sosiale samkome.

Det er råd å leige Gomerhuset til faste øvingar og treningar. Frivillege lag og organisasjonar i Skodje kommune får leige lokale gratis.

Det er også råd å leige lokale i Gomerhuset til enkeltståande arrangement eller tiltak. Det kan vere konsertar eller andre publikumsarrangement, men det kan også vere møte, konferansar og sosiale samkome.
Lag utafor kommunen, privatpersonar og bedrifter må betale husleige. 

Ved  leige av kantina til private lag, ønsker vi at firmaet som driv kantineverksemda skal ha opsjon på sal av mat. Sjølvlaga mat kan medbringast.

Dersom de ønsker å leige kulturhuset, kontaktar de:

Magne P. Fylling, kultursjef
Tlf 70 24 41 90 / 483 00 559
Epost: magne.fylling@skodje.kommune.no

 

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:
4212 23 24936

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
optimarstettemedtekst.png
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset