logo_justert.jpg
Kva skjer?

Fre 08.12. kl 19-22: Ungdomskveld

Laur 09.12. og søn 10.12: Handballkampar

Fre 15.12 kl 2030: Open hall

Søn 17.12: Handballkampar

Søn 17.12: Julekonsert Skodje blandakor

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Velkomen til Gomerhuset

fra_nordvest896.jpg

 

Gomerhuset på Skodje representerer ei målretta kommunal satsing på trivsel, identitet og eit godt liv. Det blir ein arena for aktivitet, opplevingar og sosialt samvær vi knapt ser makan til nokon stad.

Den offisielle opninga skjedde laurdag 23. oktober 2010. Då hadde vi flott konsert med m.a. bygdas store son, Magne Fremmerlid, på scena.

Den same Magne Fremmerlid blei tildelt Skodje kommune sin kulturpris under konserten med Ålesund kammerkor søndag 24. oktober. 


Med bibliotek og kantine vil kulturhuset bli ein naturleg møteplass for dei fleste av kommunens innbyggarar. Skular og barnehage på dagtid, kulturskule på ettermiddagstid, og mange frivillege lag på kveldstid og i helgane. 500-1000 menneske vil dagleg vere innom bygget.

Bygget skal m.a. innehalde:
• Heil idrettshall
• Styrketreningsrom
• Seks garderobar
• Ungdomsklubb / øvingsrom for band
• Kantine
• Konsertsal med fast amfi (350 stolar)
• Øvingsrom for kommunal kulturskule
• Øvingsrom for kor, korps, teaterlag
• Kombinasjonsbibliotek
• Kontor for tilsette i kultureininga
• Møterom

|

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:
4212 23 24936

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
optimarstettemedtekst.png
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset