
Rammer og reglar for bruk av Gomerhuset
Mange personar har tilgang til og brukar Gomerhuset, både dag, kveld og helg.
Vi er svært tilfreds med all positiv aktivitet som går føre seg.
Og med det flotte eigeforholdet folk har til Gomerhuset, har bygget stått seg godt no sidan opninga i oktober 2010.
I "Brukarmanual for Gomerhuset" finn du både fyldig branninstruks og andre rammer og reglar for bruk.
Opningstider på biblioteket
Skodje bibliotek har ope 5 dagar i veka.
Opningstidene er:
Måndag: 13.00 - 16.00
Tysdag: 13.00 - 19.00
Onsdag: 13.00 - 16.00
Torsdag:12.00 - 19.00
Fredag: 12.00 - 16.00
Velkomen til Gomerhuset

Gomerhuset på Skodje representerer ei målretta kommunal satsing på trivsel, identitet og eit godt liv. Det blir ein arena for aktivitet, opplevingar og sosialt samvær vi knapt ser makan til nokon stad.
Den offisielle opninga skjedde laurdag 23. oktober 2010. Då hadde vi flott konsert med m.a. bygdas store son, Magne Fremmerlid, på scena.
Den same Magne Fremmerlid blei tildelt Skodje kommune sin kulturpris under konserten med Ålesund kammerkor søndag 24. oktober.