
Skodje skulekorps
Skodje har rike tradisjonar innan kor og korps, men i åra rett etter andre verdskrig hadde mykje gått i stå. Nokre ivrige gutar i 10-12-årsalderen såg i avisa at det rundt om vart skipa korps og det syntest dei også at Skodjebygda burde få. Det var ikkje godt å vite kvar ein skulle byrja, men vegen var kort til ned til prestegarden og sokneprest Karl Johan Buhaug.
Resultatet av dette møtet vart skipinga av Skodje Guttemusikk
§ 1 Alle som skal vera med i orkesteret lyt lova å føre seg vel både
heime og ute og syne god og høvisk framferd på alle vis.
§ 2 Alle lyt gjera det dei kan til å få eit godt orkester. Dei må møte
presis fram til øvingane og elles kvar gong orkesteret skal
spela. Er ein borte frå øvingane meir enn tri gonger i rad, vert
ein stroken som medlem.
§ 3 Ingen som er med i orkesteret har lov til å nyta rusdrykk i
nokon form.
Alle vi som skriv under desse reglane, er enige om at dette er det
minste vi kan stille som krav til medlemmane i guttemusikken.
Den 5. februar 1954 vart desse reglane underskrivne av sokneprest
Buhaug og følgjande gutar :
Kåre Vaksvik
Hans Birger Fylling
Olav Tronstad
Gunnar-Arne Valde
Magnulf Vadset
Einar Valde
Sigmund Sorte
Magnar Berg
Sverre Vadset
Ola Midtlid
Ivar Skodjevåg
Sigurd Ekrol
Einar Fylling
Svein Fylling