logo_justert.jpg
Kva skjer?

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Vennskap Skodje –Voi

vennskap_skodje_voi.jpg

Initiativet til stiftinga av foreininga vart teke av Monica Relling og Anne Vibeke Nesset rundt årsskiftet 2011/2012. Dei tok kontakt med Gunnar Hamnøy som har lang fartstid i humanitært arbeid i Afrika og Kenya. Stifting og vedtekter vart vedteke 9. januar 2012. Og kontakt etablert med Set Your Roots i Voi i mars 2012.

Bakgrunn:

Voi er vennskapskommunen til Skodje. Monica har fleire besøk i Voi i åra frå 1999 og fram til no. Også Anne Vibeke har vore på vitjing der. Begge har reist på privat initiativ og for eiga rekning.

Fredskorpssamarbeidet har ført til at det har vore arbeidsutveksling med unge mennesker mellom Skodje og Voi. Det har ført til at nære relasjonar er bygd over tid og det er knytt varme vennskapsband mellom folket i Voi og Skodje. Ja, faktisk frå heile Sunnmøre.

Dei som har vore på besøk i Voi har sett at det er ca 1500 foreldrelause born i Voi. Det er til dels mangelfullt tilbod for å sikre desse borna trygg oppvekst og skulegong.

Dette har ført til eit ønske om å realisere dette vennskapsprosjektet, der venner hjelper kvarandre.

Formål:

Frå vedtektene til foreiniga:

§ 2 Formål

  • Arbeide for å hjelpe folk i Skodje si vennskapskommune Voi, Kenya.
  • Organisere hjelp til Voi og samle inn midlar til utvikling i Voi.
  • Foreininga skal drivast på ideelt grunnlag og vert administrert av eit vald styre.
  • Medarbeidarane pliktar å følgje dei etiske retningslinene som er vedtekne i Vennskap Skodje-Voi.

Gi foreldrelause born i Voi skulegong.

Dei foreldrelause borna bur i heim med nære slektningar eller gode naboar- dette skaper trygge rammer og ikkje minst: er i tråd med kenyanske myndigheitene sine ønskjer.

Vårt bidrag vert å skaffe midlar til innkøp av skuleuniform, sko, gymutstyr, ransel som alle borna må ha for å få gå på skule i Kenya. I tillegg får skulen dei går på betalt for å gi eleven eit varmt måltid på skulen og naudsynt medisinsk hjelp.

Vi startar i det små og har som mål å kunne hjelpe 100 barn i 2012 , og vona er at vi kan auke gradvis frå 2013.

Kven samarbeidar vi med?

North- South Partnership Aid i Norge – dei har rekneskaps- og revisjonsoppgåvene for oss.

Set Your Roots Organization i Voi – vi har skrive samhandlinsavtale med dei- som vil stå for arbeidet der nede; Kartlegging, vurdering, tildeling og rapportering.

 

 

Korleis arbeider vi?

Alle interesserte kan verte medlem i foreininga, det kostar kr. 200,- pr. år. Dette skal dekke administrasjonskostnadane i Norge.

Det viktigaste er likevel faste givarar som vil binde seg til å betale eit fast beløp pr mnd

kr 200,- pr barn, kr 400,- for 2 born eller valfritt beløp over 400,-

Gåver (som eingognsinnbetaling) er sølvsagt også velkomne.

Startkostnadane for å kunne hjelpe td 100 born gjer at vi reknar å måtte ha på plass 60 faste givarar x kr 200,-

Pengane vi samlar inn vert overt ført til vår samarbeidande organisasjon i Voi som sørger for innkjøp, utdeling av utstyr og betaling til skulen for måltid og medisinsk hjelp.

 

etiske_retningsliner_for_vennsakp_skodje_voi_1.doc
innmelding_som_fast_givar.doc
s_knad_om_medlemskap_i_foreininga.doc
vedtekter_vennskap_skodje___voi.doc

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
logo_optimar.jpg
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset