logo_justert.jpg
Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

REGLAR FOR UTLEIGE OG BRUK AV GOMERHUSET.


 

  1. Leigetakarar pliktar til ei kvar tid å rette seg etter dei reglane som gjeld for Gomerhuset.
  2. Leigetakarar skal alltid stille ein namngjeven personar over 18 år som ansvarleg for aktivitetane.
  3. Laget/organisasjonen eller den private/kommersielle leigetakaren er ansvarleg for skader som blir påført bygning, innbu og utstyr i samband med leigetilhøvet. Ansvarleg skal straks melde frå om eventuelle skadar som er påførte anlegget i leigeperioden.
  4. Ansvarleg har plikt til å vise bort personar som ikkje rettar seg etter reglar og/eller påbod.
  5. Ansvarleg sørger for at aktivitetane er tilpassa rom, inventar og utstyr. Romma skal vere i god orden etter kvar brukar. Lys skal slåast av. Dører skal vere låste, og vindauge forsvarleg attlatne. 
  6. Gomerhuset skal til vanleg ikkje nyttast til utleige etter klokka 23.00.
  7. Lag og organisasjonar frå andre kommunar, og private og kommersielle aktørar kan etter avtale med utleigeansvarleg leige Gomerhuset etter følgjande utleigesatsar:

Rom

Pris

Idrettshall, heil sal m/garderobar

400 kr/t

Idrettshall, 1/4 sal m/garderobar

100 kr/t

Idrettshall, inntektsbringande arrangement over ein dag/kveld

10000 kr

Kultursal, ikkje kommersielle arrangement over ein dag eller ein kveld med enkelt lydutstyr

4000 kr/arr

Kultursal, kommersielle arrangement over ein dag/kveld med avansert lyd-/lysutstyr (personar til å styre lyd/lys kjem i tillegg).

8000 kr/arr

Bildefagsrom (plass til 15 personar), lerret/prosjektør

200 kr/t

Musikkrom (plass til ca 35 personar), lerret/prosjektør

200 kr/t

Andre rom for møte og ulike samlingar

100 kr/t

Kantine, arrangement dag (konfirmasjon, barnedåp, åremålslag)

1500 kr

Kantine, arrangement kveld (åremålslag, bryllaup)

3000 kr

Kjøkken

Etter avtale

 

 

  1. Leigetakarar må vere førebudde på å vike plassen ved spesielle hendingar. Det kan vere kommunale arrangement, men også arrangement som SkodjeDagane og større turneringar der det er behov for større delar av Gomerhuset over ein eller fleire dagar.

 

 

Nye mulegheiter med Gomerhuset

fra_nord_st.jpg

Gomerhuset opnar nye mulegheiter for øving, trening og sosiale samkome.

Det er råd å leige Gomerhuset til faste øvingar og treningar. Frivillege lag og organisasjonar i Skodje kommune får leige lokale gratis.

Det er også råd å leige lokale i Gomerhuset til enkeltståande arrangement eller tiltak. Det kan vere konsertar eller andre publikumsarrangement, men det kan også vere møte, konferansar og sosiale samkome.
Lag utafor kommunen, privatpersonar og bedrifter må betale husleige. 

Ved  leige av kantina til private lag, ønsker vi at firmaet som driv kantineverksemda skal ha opsjon på sal av mat. Sjølvlaga mat kan medbringast.

Dersom de ønsker å leige kulturhuset, kontaktar de:

Åse Rørhuus, konsulent
Tlf 922 50 649
Epost: ase.birgit.rorhuus@alesund.kommune.no

 

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

 

 

valle_r_r.jpg

logo_pms_pc.png
logo_optimar.jpg
untitled_1.jpg
FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset