
Bruk av idrettshallen på Gomerhuset
Idrettshallen er svært mykje i bruk. Kvardagar mån-fre er det jamn aktivitet frå kl 0830-2230. Då vil dei som har fått tildelt treningstid, bli prioritert. Det skal mykje til for at eit arrangement skal kunne forskyve oppsett treningstid.
I helgane er situasjonen annaleis. Det er høve til å legge inn faste treningstider, men då må ein akseptere å vike for seriekampar, turneringar og andre større arrangement.