
Endring av reglement for utleige/utlån av Gomerhuset.

Skodje kommunestyre vedtok i møte 13.12.11, sak 78/11, slike endringar av reglementet for utleige/utlån av Gomerhuset:
Pkt. 1: Lag og organisasjonar i Skodje kommune får vederlagsfritt nytte Gomerhuset til kultur-, idrett- og fritidsaktivitetar. Dette gjeld også ved inntektsgivande arrangement. Det skal likevel krevjast betaling når det er behov for ekstra reinhald i samband med aktivitetane. Betaling skal skje etter rekning frå kultursjefen på faktisk medgått tid til reinhald.
Lag og organisasjonar frå andre kommunar, og private og kommersielle aktørar må svare utgiftsdekking for bruk etter reglane i punkt 10.
Pkt 10: Lag og organisasjonar frå andre kommunar, og private og kommersielle aktørar kan etter avtale med kultursjefen leige Gomerhuset etter følgjande utleigesatsar:
Rom Pris
Idrettshall, heil sal m/garderobar 400 kr/t
Idrettshall, 1/4 sal m/garderobar 100 kr/t
Idrettshall, inntektsbringande arrangement over ein dag/kveld 10000 kr
Kultursal, ikkje kommersielle arrangement over
ein dag eller ein kveld med enkelt lydutstyr 4000 kr/arr
Kultursal, kommersielt arrangement over ein dag/kveld
med avansert lyd-/lysutstyr (personar til å styre lyd/lys kjem i tillegg). 8000 kr/arr
Bildefagsrom (plass til 15 personar), lerret/prosjektør 200 kr/t
Musikkrom (plass til ca 35 personar), lerret og prosjektør 200 kr/t
Andre rom for møte og ulike samlingar 100 kr/t
Kantine, arrangement dag (konfirmasjon, barnedåp, åremålslag) 1500 kr
Kantine, arrangement kveld (åremålslag, bryllaup) 3000 kr
Kjøkken Etter avtale