
Velkomen til Gomerhuset

Gomerhuset på Skodje representerer ei målretta kommunal satsing på trivsel, identitet og eit godt liv. Det blir ein arena for aktivitet, opplevingar og sosialt samvær vi knapt ser makan til nokon stad.
Den offisielle opninga skjedde laurdag 23. oktober 2010
Gomerhuset er ein naturleg møteplass for kommunens innbyggarar.
Bygget inneheld:
• Heil idrettshall
• Styrketreningsrom
• Seks garderobar
• Kantine
• Konsertsal med fast amfi (346 stolar)
• Øvingsrom for kommunal kulturskule
• Øvingsrom for kor, korps, teaterlag
• Kombinasjonsbibliotek
• Kontor for tilsette i kultureininga
• Møterom